009: Intervju med Jakob "Monsa-Jakob" Rimmereide frå 1956
Dette opptaket med Monsa-Jakoben, eller Jakob Rimmereide, vart gjort i 1956. Han var på dette tidspunktet 103 eller 104 år gammal og eldst i heile Sunnhordland. Født 2. september 1852 fortel han frå livet sitt, frå tida då den gamle kyrkja på Fitjar framleis eksisterte til då han kunne få "ljos i stova med berre å pikka med fingen". Jakob døydde 30. mai 1957, nesten 105 år gammal.