Episode 30

full
Published on:

6th Dec 2024

030: Intervju med Marselius Thorland, Ole Hovstad og Thea Eide (alle 96 år) i 1995

I denne unike episoden tek me eit dykk inn i livet til tre 96-åringar som i 1995 var dei eldste i Fitjar kommune: Marselius Thorland, Ole Hovstad og Thea Eide. Desse var alle fødde i 1899 og var dei siste personane frå Fitjar som var fødde på 1800-talet. Marselius og Ole døydde som 99-åringar i 1998, medan Thea døydde som 100-åring i 1999.

Gjennom eit intervju arrangert av dåverande skulesjef Alf Gjøsæter og kultursjef Elise Aarbø, får me høyre sjarmerande og tankevekkande historier frå eit langt liv, med besøk av Bladet Sunnhordland som vitne.

Merk at lyden diverre stundom ikkje er alltid like god, då det innimellom er mange som snakkar samstundes.

Listen for free

Show artwork for Fitjarminne

About the Podcast

Fitjarminne
Fitjarminne har som mål å formidle lokalhistoriske lydklipp som me har digitalisert og reinska opp lydmessig, i tillegg til å formidle nye intervju med gjester.

Sponsor for podcasten er Fitjar Kraftlag.

About your host

Profile picture for Frode Håvik Korneliussen

Frode Håvik Korneliussen