Episode 49

full
Published on:

8th May 2026

049: Karl Gloppen intervjuar Bjarne Korsvik (1997)

I denne episoden møter vi Bjarne Korsvik (1933-2023) i samtale med Karl Gloppen, i eit intervju frå 18. april 1997. Med utgangspunkt i eit grundig manus om bureisinga i Korsvik fortel Bjarne om korleis bruket vart rydda og bygd opp frå grunnen av, om stein, murar, jordkjellar, torvhus og dei første husa som kom på plass.

Samtalen gir eit levande bilete av eit liv prega av handemakt, nøysamheit og oppfinnsemd, der både jordbruk og sjøbruk måtte bere familien. Vi høyrer også om skøyter, fiske, transport, krigstid, naboskap og kvardagen i eit lite bruk der alt måtte skapast med eigne hender.

Listen for free

Show artwork for Fitjarminne

About the Podcast

Fitjarminne
Fitjarminne har som mål å formidle lokalhistoriske lydklipp som me har digitalisert og reinska opp lydmessig, i tillegg til å formidle nye intervju med gjester.

Sponsor for podcasten er Fitjar Kraftlag.

About your host

Profile picture for Frode Håvik Korneliussen

Frode Håvik Korneliussen